Ny plate!
Aftenlandet er ute med ny plate. Ei samleplate denne gongen.
"Det beste fra Aftenlandet" er sett saman av høgdepunkt frå
Aftenlandet sine 4 fyrste plater. Jan Toft (ex. Vamp) syng i
duett med Astrid i ei nyinnspeling av "Hymne". "Bare Bare" er
ein heilt ny låt frå Aftenlandet. Andre bidrag på denne plata
kjem frå Odd Nordstoga, Göran Fristorp og Kenneth Sivertsen.
Nytt medlem! Aftenlandet har gleda av å ynskja pianist Ingolv Haaland
velkomen i gjengen. Vi gler oss til å jobba med ein flott pianist og ein dyktig
arrangør, som har vore med på ny-innspelingane på samleplata.